Informasjon om undervisningsrom: Forskjell mellom sideversjoner

Fra IThjelp
Linje 30: Linje 30:
* Skal '' ikkje'' hjelpe studentane med fagspesifikke problem og oppgåveløysing.
* Skal '' ikkje'' hjelpe studentane med fagspesifikke problem og oppgåveløysing.
* Kan ''ikkje'' lage kurskontoar.
* Kan ''ikkje'' lage kurskontoar.
Ein oversikt over PC-vakter og opningstider finn du [[Brukerstøtte for studenter|her]]. Liste over telefonnummer og e-postadresser som kan nyttast til kontakt med brukarstøtten i dei ulike bygga finn ein under [[Brukerstøtte i undervisningsrom|Brukarstøtte i undervisningsrom]].
Ein oversikt over PC-vakter og opningstider finn du [[Brukerstøtte for studenter#Her finner du PC-vaktene|her]]. Liste over telefonnummer og e-postadresser som kan nyttast til kontakt med brukarstøtten i dei ulike bygga finn ein under [[Brukerstøtte i undervisningsrom|Brukarstøtte i undervisningsrom]].


==  Demonstrasjon av utstyr i undervisningsrom ==
==  Demonstrasjon av utstyr i undervisningsrom ==

Sideversjonen fra 10. mai 2010 kl. 12:53

Her ligg informasjon til forelesarar om bruk av auditorium og andre undervisningsrom.


Bestilling av auditorium og undervisningsrom

Bestilling av auditorium/undervisningsrom skjer via kontaktpersonar på fakultet/institutt/avdeling. Sjå her for meir informasjon om bestilling av rom.

Viktig: Eksterne forelesarar som ikkje har uib-konto (tilsett eller student) og skal nytta PC som er i undervisningsommet må få ein kurskonto. Dei som organiserer undervisninga må sørge for at forelesarar får kurskonto. Lokalt brukarstøttepersonell (PC-vakter) kan ikkje lage slik konto.

Programvare

  • Dersom ein skal nytte programvare i eit semesterkurs som ikkje var nytta i føregåande semester ber vi om at forelesar melder dette inn på bs.uib.no før semesterstart. Det same gjeld dersom ein ynskjer nye versjonar og oppdateringar.
  • Om ein skal bruke programvare som ikkje er pakka for installering så må det seiast ifrå minst 2 veker på førehand slik at programvaren kan klargjerast for distribusjon til dei aktuelle maskinene.
  • Hugs at ein alltid skal ha testa oppsett på maskiner eit par dagar i førevegen før kursstart. All programvare skal testast av ein kyndig person innanfor spesifikke program. Full brukaroppleving av eventuelle kurskonto, tilsettkonto eller studentkonto bør testast.

Om punkta over ikkje er følgt er ein ikkje garantert å få "på staden hjelp" om ein står fast midt i eit kurs.

Kurskonto

Kurskontoar skal brukast av eksterne ( personar som ikkje har tilsett- eller studentkonto) som treng tilgang til pc i auditorium/undervisningsrom eller pc-salar. Kontoen kan også brukast til å autentisera seg i det trådlause nettet. Les meir om kurskontoar og andre IT-tjenester for gjestar.

PC-vakter og brukarstøtte

I nærleiken av PC-stover/Auditorium ved kvart fakultet sit det PC-vakter. Oppgåvene til PC-vaktene er:

  • Lokal brukarstøtte i auditorium og undervisningsrom.
  • Hjelpe studentane med bruk av dataanlegget.
  • Skal ikkje hjelpe studentane med fagspesifikke problem og oppgåveløysing.
  • Kan ikkje lage kurskontoar.

Ein oversikt over PC-vakter og opningstider finn du her. Liste over telefonnummer og e-postadresser som kan nyttast til kontakt med brukarstøtten i dei ulike bygga finn ein under Brukarstøtte i undervisningsrom.

Demonstrasjon av utstyr i undervisningsrom

PC-vaktene kan gi ei innføring i bruk av utstyret i undervisningsrom i forkant av bruken. Ta kontakt med PC-vakt på fakultetet for å avtale tidspunkt. Bruk telefonnumra i oversikten Brukerstøtte i undervisningsrom.

Digitalisering av undervisningsmateriale i eldre format

Dias lysbilete og video-kassettar i alle format som vert brukt i undervisninga kan digitaliserast og overførast til CD/DVD/PC for enkel framvising med PC og projektor. IT-avdelinga vil anbefale dette, både sidan gamalt undervisningsutstyr er sårbart, og fordi digitalisering er ein måte å ivareta og forlenge levealderen til det aktuelle materialet. Det finst fleire bedrifter som tilbyr denne tenesta. Den nærmaste er ASVO Bergen AS i Industrihuset på Møhlenpris.

Utskriftsvenleg undervisningsmateriale

For presentasjonar som studentane skal skrive ut tilrår vi:

  • Bruk ikkje mørke farger og bakgrunnar.
  • Bruk tekst på kvit bakgrunn.
  • Pass på at filstorleiken på bilete og grafikk ikkje er svært stor.