Informasjon om undervisningsrom

Fra IT-hjelp UiB


Informasjon.gif Har du lyst til å gi oss en
Tilbakemelding
på denne siden?

Her ligg informasjon til forelesarar om bruk av auditorium og andre undervisningsrom.

Sjå og informasjon i kortform i brosjyra Informasjon til forelesere.


Bestilling av auditorium og undervisningsrom

Bestilling av auditorium/undervisningsrom skjer via kontaktpersonar på fakultet/institutt/avdeling. Sjå også informasjon frå Studieadministrativ avdeling og Eiendomsavdelingen om bestilling av rom.

Viktig: Eksterne forelesarar som ikkje har uib-konto (tilsett eller student) og skal nytta PC som er i undervisningsommet må få ein kurskonto. Dei som organiserer undervisninga må sørge for at forelesarar får kurskonto. Lokalt brukarstøttepersonell (IT-asistenter) kan ikkje lage slik konto.

Programvare

  • Dersom ein skal nytte programvare i eit semesterkurs som ikkje var nytta i føregåande semester ber vi om at forelesar melder dette inn på UiBhjelp i god tid før semesterstart. Det same gjeld dersom ein ynskjer nye versjonar og oppdateringar.
  • Om ein skal bruke programvare som ikkje er pakka for installering så må det seiast ifrå minst 2 veker på førehand slik at programvaren kan klargjerast for distribusjon til dei aktuelle maskinene.
  • Hugs at ein alltid skal ha testa oppsett på maskiner eit par dagar i førevegen før kursstart. All programvare skal testast av ein kyndig person innanfor spesifikke program. Full brukaroppleving av eventuelle kurskonto, tilsettkonto eller studentkonto bør testast.

Om punkta over ikkje er følgt er ein ikkje garantert å få "på staden hjelp" om ein står fast midt i eit kurs.

IT-assistenter og brukarstøtte

I nærleiken av PC-stover/Auditorium ved kvart fakultet sit det IT-assistentar. Oppgåvene til IT-assistentane er:

  • Lokal brukarstøtte i auditorium og undervisningsrom.
  • Hjelpe studentane med bruk av dataanlegget.
  • Skal ikkje hjelpe studentane med fagspesifikke problem og oppgåveløysing.
  • Kan ikkje lage kurskontoar.

Oversikt over IT-assistentar og opningstider finn du på sida om brukarstøtte for studentar.

Telefonnummer og e-postadresser som kan nyttast til kontakt med brukarstøtten i dei ulike bygga finn du på sida om brukarstøtte i undervisningsrom.

Demonstrasjon av utstyr i undervisningsrom

IT-assistentane kan gi ei innføring i bruk av utstyret i undervisningsrom i forkant av bruken. Ta kontakt med IT-assistenten for å avtale tidspunkt. Bruk telefonnummera i oversikten på sida om brukarstøtte i undervisningsrom.

Digitalisering av undervisningsmateriale i eldre format

Dias lysbilete og video-kassettar i alle format som vert brukt i undervisninga kan digitaliserast og overførast til CD/DVD/PC for enkel framvising med PC og projektor. IT-avdelinga vil anbefale dette, både sidan gamalt undervisningsutstyr er sårbart, og fordi digitalisering er ein måte å ivareta og forlenge levealderen til det aktuelle materialet. Det finst fleire bedrifter som tilbyr denne tenesta. Den nærmaste er DigiDup i Industrihuset på Møhlenpris.

Utskriftsvenleg undervisningsmateriale

For presentasjonar som studentane skal skrive ut tilrår vi:

  • Bruk ikkje mørke farger og bakgrunnar.
  • Bruk tekst på kvit bakgrunn.
  • Pass på at filstorleiken på bilete og grafikk ikkje er svært stor.