Informasjon om undervisningsrom: Forskjell mellom sideversjoner

Fra IThjelp
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{Autoritativ informasjon}}
{{Autoritativ informasjon}}


Her ligg informasjon til forelesarar om bruk av auditorium og andre undervisningsrom.
Her ligg informasjon til forelesarar om bruk av auditorium og andre undervisningsrom.


==  Bestilling av auditorium og undervisningsrom ==
==  Bestilling av auditorium og undervisningsrom ==

Sideversjonen fra 11. feb. 2010 kl. 09:08

Informasjon.gif Autoritativ informasjon! Denne siden inneholder informasjon som er autoritativ og vedlikeholdes av IT-avdelingen.


Her ligg informasjon til forelesarar om bruk av auditorium og andre undervisningsrom.


Bestilling av auditorium og undervisningsrom

Bestilling av auditorium/undervisningsrom skjer via kontaktpersonar på fakultet/institutt/avdeling (Studiekonsulent eller Infosenter).

Viktig: Eksterne forelesarar som ikkje har uib-konto (tilsett eller student) og skal nytta PC som er i undervisningsommet må få ein kurskonto. Dei som organiserer undervisninga må sørge for at forelesarar får kurskonto. Lokalt brukarstøttepersonell (PC-vakter) kan ikkje lage slik konto.

Det er viktig at områdeansvarlege på fakultetet får beskjed i god tid om kva programvare/operativsystem som skal nyttast i undervisninga. Dette gjeld både i PC-stover og auditorier.

Programvare

  • Dersom ein skal nytte programvare i eit semesterkurs som ikkje var nytta i føregåande semester ber vi om at forelesar sender ei liste over programvaren til dei områdeansvarlege ved kvart fakultet før semesterstart. Det same gjeld dersom ein ynskjer nye versjonar og oppdateringar.
  • Om ein skal bruke programvare som ikkje er installert så må det seiast ifrå minst 2 veker på førehand slik at programvaren kan klargjerast for distribusjon til dei aktuelle maskinene.
  • Hugs at ein alltid skal ha testa oppsett på maskiner eit par dagar i førevegen før kursstart. All programvare skal testast av ein kyndig person innanfor spesifikke program. Full brukaroppleving av eventuelle kurskonto, tilsettkonto eller studentkonto bør testast.

Om punkta over ikkje er følgt er ein ikkje garantert å få "på staden hjelp" om ein står fast midt i eit kurs.

Kurskonto

Kurskontoar skal brukast av eksterne ( personar som ikkje har tilsett- eller studentkonto) som treng tilgang til pc i auditorium/undervisningsrom eller pc-salar. Kontoen kan også brukast til å autentisera seg i det trådlause nettet. Les meir om kurskontoar og andre IT-tjenester for gjestar.

PC-vakter og brukarstøtte

I nærleiken av PC-stover/Auditorium ved kvart fakultet sit det PC-vakter. Oppgåvene til PC-vaktene er:

  • Lokal brukarstøtte i auditorium og undervisningsrom.
  • Hjelpe studentane med bruk av dataanlegget.
  • Skal ikkje hjelpe studentane med fagspesifikke problem og oppgåveløysing.
  • Kan ikkje lage kurskontoar.

Ein oversikt over PC-vakter og opningstider finn du i studentportalen'.

Digitalisering av undervisningsmateriale i eldre format

Dias lysbilete og video-kassettar i alle format som vert brukt i undervisninga kan digitaliserast og overførast til CD/DVD/PC for enkel framvising med PC og projektor. IT-avdelinga vil anbefale dette, både sidan gamalt undervisningsutstyr er sårbart, og fordi digitalisering er ein måte å ivareta og forlenge levealderen til det aktuelle materialet. Det finst fleire bedrifter som tilbyr denne tenesta. Den nærmaste er ASVO Bergen AS i Industrihuset på Møhlenpris.

Utskriftsvenleg undervisningsmateriale

For presentasjonar som studentane skal skrive ut tilrår vi:

  • Bruk ikkje mørke farger og bakgrunnar.
  • Bruk tekst på kvit bakgrunn.
  • Pass på at filstorleiken på bilete og grafikk ikkje er svært stor.

Demonstrasjon av utstyr i undervisningsrom

PC-vaktene kan gi ei innføring i bruk av utstyret i undervisningsrom i forkant av bruken. Ta kontakt med PC-vakt på fakultetet for å avtale tidspunkt. Bruk telefonnumra i oversikten "Auditorier og undervisningsrom".' '

Kontakt oss

Dersom du har problem eller lurer på noko om bruk av auditorium/undervisningsrom kan du kontakte oss på telefon 55588587. Konkrete problem skal meldast inn i Issue-tracker på http://bs.uib.no .

Kvart fakultet har områdeansvarlege som fungerer som 2.linje støtte, og som har ansvar for brukarstøtten i undervisningsromma. Ta kontakt på telefon for informasjon om undervisningsrom som ikke er knytta til fakultet.

Områdeansvarlege for dei ulike fakulteta er: