Forskjell mellom versjoner av «Brukarkonto for studentar»

(Litt betre forklaring for å lage ny konto)
Linje 17: Linje 17:
  
  
Når du har tatt imot tilbodet om studieplass og registrert deg, må du sjølv opprette ein brukarkonto. Det gjer du ved å gå inn på [https://sebra.uib.no/sebra/ sebra.uib.no]. Klikk på "Student" under "OPPRETT KONTO" og følgje instruksjonane der for å laga konto. I sebra.uib.no kan ein også bytte passord.
+
Når du har tatt imot tilbodet om studieplass og registrert deg, må du sjølv opprette ein brukarkonto. Det gjer du ved å gå inn på [https://sebra.uib.no/sebra/ sebra.uib.no]. Klikk på "Student" under "OPPRETT KONTO" og følg instruksjonane der for å laga konto. I sebra.uib.no kan ein også bytte passord.
  
 
Dette bør du gjere så raskt som mogleg etter at du har registrert deg. Merk at det kan ta inntil ein time frå du har registrert deg til du kan opprette brukarkonto.
 
Dette bør du gjere så raskt som mogleg etter at du har registrert deg. Merk at det kan ta inntil ein time frå du har registrert deg til du kan opprette brukarkonto.

Revisjonen fra 12. aug. 2015 kl. 08:39

Brukarkonto

Som student ved UiB må du ha tilgang til datatenester for å kunne gjennomføre studiane dine. For å kunne nytte deg av desse tenestene, må du opprette ein eigen brukarkonto ved UiB på SEBRA.

Brukarkonto ved UiB gir deg:

  • Personlege sider - Mi side - med bl.a. tilgang til nettbaserte læringsressursar og relevant undervisningsinformasjon
  • Eiga e-postadresse med god lagringskapasitet og moglegheit til å bruke e-post i nettlesaren din
  • Eige lagringsområde på server med backupteneste
  • Tilgang til personlege vevsider
  • Tilgang til PC-stover med utskriftsmoglegheiter
  • Oppkopling til Internet og UiB sitt nettverk frå eigen PC (ADSL eller trådlaust)
  • Ein konto som også kan koplast opp mot MSN
  • Tilgang til internett ved andre forskings- og utdanningsinstitusjonar via Eduroam

Nye studentar

Når du har tatt imot tilbodet om studieplass og registrert deg, må du sjølv opprette ein brukarkonto. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no. Klikk på "Student" under "OPPRETT KONTO" og følg instruksjonane der for å laga konto. I sebra.uib.no kan ein også bytte passord.

Dette bør du gjere så raskt som mogleg etter at du har registrert deg. Merk at det kan ta inntil ein time frå du har registrert deg til du kan opprette brukarkonto.

NB! Nye studentar som er tatt opp gjennom samordna opptak kan ikkje semesterregistrere seg (og dermed ikkje opprette konto) før semesteret startar.

Du må ha fødselsnummer, studentnummer og pinkode for å kunne opprette brukarkonto. Studentnummer og pinkode finn du på tilsendt giro for betaling av semesteravgift. Sørg for at du har desse tilgjengeleg.

OBS! Dersom du ikkje har betalt semesteravgifta innan 1. september vil brukarkontoen automatisk bli avslutta.


Rekvirer konto no i SEBRA!


Les meir om UiBs regler om oppretting, anvendelse og sletting av brukerkonti for studenter på UiBs IKT-anlegg

Studentkonto for tilsette

Tilsette som blir studentar vil ikkje automatisk kunne opprette studentkonto så lenge dei har konto som tilsett. Om ein opprettar ein sak på https://bs.uib.no, så kan SEBRA opprette studentkonto om semesterregistrering og semesteravgift er i orden.

Sjå også sida om brukarkonto for tilsette.