Virus på PC-en?

Fra IThjelp


j

Hvis datamaskina di sprer virus på UiB-nettverket vil du bli varsla. Om problemet vedvarer etter gjentatte advarslar, vil VPN-tilkoblinga di bli sterkt begrensa slik at du kun har tilgang til nettsider på uib.no. Du kan sjekke om du er ramma av dette her: https://tjinfo.uib.no/sperret

Merk at IT-avdelingen ikkje tilbyr brukarstøtte eller reinstallasjon av private datamaskinar. For UiB datamaskiner som ikkje er satt op av IT-avdelinga kan vi tilby reinstallering med eit av våre klientoppsett så lenge kriteria for dette er oppfylt.

Har du ei maskin som er infisert av ondsinna programvare?

Når ei maskin tilknytta UiB sitt nettverk vert infisert av virus eller ormar, må den takast av nettet og reinstallerast. Om du ikkje oppdagar at maskina er infisert sjølv, vil truleg andre merke det. Det er ikkje nok å slette den ondsinna fila. Det finst antivirusprogram og andre program som hevdar å kurere infeksjonar, men desse kan ein ikkje stole sikkert på. Virusa er "flinke" til å gøyme seg, og opnar ofte bakdører slik at andre kan få uautorisert tilgang seinare.

Klientdrifta maskin

Har du ein Klientdrifta PC, som du trur er virusinfisert, kontakt BRITA.

Ikkje-klientdrifta UiB-pc

Denne framgangsmåten skal brukast av lokal IT-ansvarleg ved virusinfeksjonar på andre UiB-maskiner:

  1. Sikre data som er lagra på maskina.
  2. Reinstaller operativsystemet når maskina er av nettet.
  3. Last ned oppdateringar frå Windows Update.
  4. Installer antivirusprogramvare og oppdater til siste virussignaturar.