Trio: Forskjell mellom sideversjoner

Fra IThjelp
Ingen redigeringsforklaring
(Lokasjon: Uninett -> UiB)
Linje 2: Linje 2:


'''SIP:FORNAMN.ETTERNAMN@UIB.NO VIL IKKJE FUNGERE LENGER!'''
'''SIP:FORNAMN.ETTERNAMN@UIB.NO VIL IKKJE FUNGERE LENGER!'''
'''Lokasjon må vere satt til UiB'''




Linje 27: Linje 29:
# Telefonnummer: Kvar skal samtalene gå til. Fyll inn ditt telefonnummer.
# Telefonnummer: Kvar skal samtalene gå til. Fyll inn ditt telefonnummer.
# Telefontype: Set Skype for Business dersom du skal bruke dette.
# Telefontype: Set Skype for Business dersom du skal bruke dette.
# Lokasjon: La stå Uninett
# Lokasjon: Set UiB
# Arbeidsmåte: Agent for kontaktsenter (Ekspedient for sentralbord)
# Arbeidsmåte: Agent for kontaktsenter (Ekspedient for sentralbord)
# Contact Center Lisens skal vere hukt av for kontaktsenter.
# Contact Center Lisens skal vere hukt av for kontaktsenter.

Sideversjonen fra 20. mar. 2019 kl. 07:03

MERK: FRÅ OG MED TYSDAG 19. MARS MÅ TELEFONNUMMER VERE SATT TIL EIT FAKTISK TELEFONNUMMER.

SIP:FORNAMN.ETTERNAMN@UIB.NO VIL IKKJE FUNGERE LENGER!

Lokasjon må vere satt til UiB


Denne sida er under utvikling.

Informasjonen på denne sida er retta mest mot deg som skal bruke Trio saman med Skype for Business.


Kort fortalt

  • Trio er løysinga som avløyser Solidus for kontaktsenterane og sentralborda. Agent Client er namnet på programmet som blir brukt.
  • Ein må angje telefonnummer (og telefontype) når ein brukar Trio, då det ikkje har innebygd telefonapparat.
    • Dette angjevast i «Logg inn parametere» når du opnar Agent Client.
  • For dei fleste er det telefonnummeret knytt til Skype for Business (SfB) som er telefonnummeret innkommande samtalar skal gå til.
    • Saman med telefontype satt til Skype for Business vil Agent Client vere satt opp til bruk med Skype for Business.
  • Opplev du problem under samtalen: Feilsøk telefonen (SfB? -> Restart maskina).
  • Opplev du problem før samtalen: Feilsøk Agent Client.

Opning og pålogging

Oppstart av programma og pålogging.

Agent Client

TRIO: Logg inn parametere
  1. Opn Agent Client (AC). Du kan søke på det i Startmenyen eller gå til mappa «Trio Enterprise» i startmenyen og opne der frå.
  2. Eit vindauge opnar seg: «Trio Agent – Log inn parametere». Her setjast parametarane for at (AC) skal fungere.
  3. Telefonnummer: Kvar skal samtalene gå til. Fyll inn ditt telefonnummer.
  4. Telefontype: Set Skype for Business dersom du skal bruke dette.
  5. Lokasjon: Set på UiB
  6. Arbeidsmåte: Agent for kontaktsenter (Ekspedient for sentralbord)
  7. Contact Center Lisens skal vere hukt av for kontaktsenter.
  8. Enterprise Attendant lisens for sentralbord. IKKJE ved kontaktsenter!

Trykk OK og du blir sendt til ei neste påloggingssida i ein nettlesar.

Her brukar du ditt tildelte brukarnamn og passord.

Skype for Business

  1. Opn Skype for Business frå startmenyen viss det ikkje har opna seg ved pålogging på maskina.
  2. Bruk følgjande påloggingsinformasjon:
    • Sign-in address: fornamn.etternamn@uib.no
    • Username (viss du blir spurt): uib\DITTBRUKARNAMN
    • Password: ditt vanlege uib-passord

Viss du ikkje får bytte sign-in address, trykk på tannhjulet, vel "Tools" -> "Options" -> "Personal" og bytt der.

Vanlege problem med løysing

«Sperr» - Feilmelding visast i Trio agenten ved innkomande samtae

Løysing: Sjekk telefonnummeret som er satt under "Log inn paramtere" og sjå til at de. Ver sikker på at det ikkje er noko mellomrom før, etter, eller i denne. Du sjekkar paramterane ved å gå på Fil -> Log inn parametere.

TRIO: Sperr feilmelding

Forklaring: Dersom feil telefonnumer er satt, får ikkje Trio vidarekopla samtalen.

Skjer dette ved utgåande samtale frå Trio, kan denne feilmeldinga slå inn etter ei stund når mottakar ikkje tek telefonen.

Nye anrop går ikkje gjennom

Kø-/oppgåveliste

Løysing: Sjekk om det ligg ventande oppgåver i kølista. Typisk ligg det ein tilbakeringingsoppgåve her som må takast før nye anrop går gjennom.

Forklaring: Ein innringar beheld plassen sin i køen også når vedkommande har valt å bli ringt tilbake. Derfor må tilbakeringingsoppgåver bli teke før ein person som faktisk held på å ringe inn kan bli svart.

Eg blir satt i pause

Løysing: Sett deg som pålogget og behandl den øvste oppgåva.

Forklaring: Oppgåvene som ligg i kø-/oppgåvelista blir tildelt deg etter tur. Viss du ikkje tek oppgåva tidsnok, blir denne tildelt ein annan og du blir satt i pause. Pass på å ta unna tilbakeriningspopgåver, ettersom desse ikkje blir vidarekopla til Skype for Business før du har valt opppgåva (Nye anrop går ikkje gjennom] ).

Samtalen blir brote

Løysing: Restart maskina.

Forklaring: Dersom fleire har (vore) logga inn på same maskin kan det gå SfB-prosesser for de andre brukarane som er eller har vore pålogga. Ein omstart av maskina vil logge av den/de andre av og såleis frigjere ressursane. Det er òg mogleg at ein prosess som ikkje har avslutta seg skikkeleg ligg og «skurra» for den aktive SfB-sesjonen.

Dårleg eller ingen lyd

Løysing: Restart maskina.

Forklaring: Ein omstart av maskina løyser mange lyd- og samtaleproblem i Skype for Business.

Generelle tips til feilsøking: Er headsettet kopla til? Fungerer lyden i andre applikasjonar? Høyrer du f.eks. lyden i ein YouTube video?

Brukarstøtte og driftstøtte

Bruk

Brukar du Trio og opplev problem, ta kontakt med BRITA.

Drift

Har du spørsmål eller ynskjer knytt til ei bestemt teneste, meld inn sak til BRITA. Merk slike sakar gjerne med kontaktsenter/sentralbord drift

Eksempel:

  • Ny medarbeidar som skal vere Agent og bruke Trio. Vi treng å vite: Namn, brukarnamn, teneste
  • Unntak ved spesielle opningstidar: Teneste, dato, klokkeslett for opning/stenging, talemelding