Fornøgde deltakarar på IT-forum våren 2011

Fra ithjelp
Hopp til: navigasjon, søk


Informasjon.gif Har du lyst til å gi oss en Tilbakemelding på denne siden?


IT-avdelinga bad deltakarane om tilbakemelding på IT-forum. Svara var oppløftande.

Suksess

Førti prosent av alle deltakarane på IT-forum våren 2011 svarte på ei anonym undersøking sendt ut på e-post i etterkant. Nesten alle dei som svarte var alt i alt anten "veldig fornøgd" (56 %) eller "fornøgd" (40 %) med IT-forum våren 2011. Så vel praktisk gjennomføring, stad og lokale, som fagleg nivå fekk gode skussmål.

Ikkje berre IT-avdelinga

Om lag seksti prosent av deltakarane var tilsette på UiB si IT-avdeling. Dei aller fleste av dei andre kom frå UiB eller andre institusjonar innanfor forsking/undervising.

Opne sinn

Hovudtema for IT-forum denne gongen var "åpenhet". Fleire av foredraga var difor mindre IT-tekniske enn mange er vane med frå tidlegare år. Såleis var heller ikkje alt like direkte arbeidsrelevante for mange IT-spesialistar. Ein god del av seminaret var også satt av til åpenhet og IT i undervising og forsking. Men dei aller fleste ser altså verdien av eit slikt seminar, der ein både kan få eit vidare perspektiv på IT-relaterte utfordringar og diskutere tekniske spørsmål med likesinna. Ni av ti var også heilt eller stort sett einige i at IT-forum våren 2011 levde opp til forventningane.

Ønskjer fleire forslag

Nokre konstruktive forslag til seinare arrangement fekk vi også, både om praktisk gjennomføring og tema/innhald. Dette vil vi ta med til vurdering ved seinare arrangement.

Forslag til framtidige bidragsytarar var det derimot lite av, så anten du kan tenkje deg å bidra sjølv, eller har andre forslag, så ta gjerne kontakt med vår IT-direktør eller andre på IT-avdelinga.

Vil du delta på IT-forum våren 2012, kan du allereie no setje av 25. - 26. april i kalendaren.