Diskusjon:Hovedside old
Nokre tankar om hovudsida og venstremenyen
Om Aktuelt og Driftsmeldingar kjem nederst på hovudsida, påverkar dei ikkje dei andre felta, og kan gå lenger denover på sida. Men då bør ikkje det over gå så langt ned at Aktuelt og Driftsmeldingar ikkje viser.
Vi kan også ha anna enn tenester i hovudfeltet.
Det folk fleste er ute etter er å få løyst eit problem eller oppgåve, evt få svar på eit spørsmål. Det bør vi ta omsyn til på førstesida.
Mange som besøker sidene våre er nye der, og mange er der sjeldan. Ein del er også gjester. Det bør vi tenke på i forhold til å finne det desse målgruppene treng.
Vi må også ta omsyn til at brukarar (inkl. tilsette ved ITA og andre IT-folk) vil kunne legge annan IT-informasjon enn dei tenestene ITA har ansvar for.
Vi bør ha litt generell info om at dette er ein wiki, med lenker til meir info som hjelp og retningslinjer.
Vi kan også ha ei linje (breiddt felt) øverst med korte lenker liknande som på it.uib.no idag.
Det kan vere lurt å sortere alfabetisk (både i menyar og hovudfelt), men det kan også vere lurt å samle lenker tematisk eller etter andre relasjonar, eller det som er mest brukt øverst og/eller til venstre.
Kva bør vere i venstremenyen og kva bør vere i hovudfeltet? Kva vi puttar på hovudsida bør vere gjennomtenkt i forhold til kva vi puttar i menyen. Det som ligg i venstremenyen vil vere tilgjengeleg på alle sider (med nokre unntak for det under "Verktøy". Alle sider vil dermed også ha lenke til hovudsida via lenke i venstremenyen.
Venstremenyen er delvis fast, men ein del kan vi styre. Vi kan legge til eigne felt med overskrift og interne eller eksterne lenker, også til (dynamiske) spesialsider.
Aktuelle lenker på hovudsida kan vere bla.:
Alle tjenester - Brukerstøtte - Brukertilgang - Bruksanvisninger - IT-sikkerhet - Nettverk - Ofte stilte spørsmål - Programvare - Telefoni - Reglement og retningslinjer - Skjema - Utskrift, kopiering og skanning
Vi må prioritere kva som er viktigast å ha lett tilgjengeleg. Det kan vere bla.
- det som er mest brukt,
- mest viktig å informere om,
- mest viktig å finne raskt,
- lett å finne for nye brukarar
- ...