Virus på PC-en?

Revisjon per 19. jan. 2010 kl. 19:05 av St01368 (diskusjon | bidrag) (Ny side: Har du ei maskin som er infisert av ondsinna programvare? Når ei maskin tilknytta UiB sitt nettverk vert infisert av virus eller ormar, må den takast av nettet og reinstallerast. Om du...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)


Informasjon.gif Har du lyst til å gi oss en
Tilbakemelding
på denne siden?


Har du ei maskin som er infisert av ondsinna programvare?

Når ei maskin tilknytta UiB sitt nettverk vert infisert av virus eller ormar, må den takast av nettet og reinstallerast. Om du ikkje oppdagar at maskina er infisert sjølv, vil truleg andre merke det. Det er ikkje nok å slette den ondsinna fila. Det finst antivirusprogram og andre program som hevdar å kurere infeksjonar, men desse kan ein ikkje stole sikkert på. Virusa er "flinke" til å gøyme seg, og opnar ofte bakdører slik at andre kan få uautorisert tilgang seinare.

Ta kontakt med bs.uib.no eller telefon (555) 84700 om du har fått melding om at di maskin er stengt av nettet p.g.a. infeksjon. Studentar får stengt kontoen sin om vi oppdagar at dei er infisert. Kontoen blir opna opp att når maskina er "rein".

Denne framgangsmåten skal brukast av lokale IT-ansvarlege ved infeksjonar:

Sikre data som er lagra på maskina. Reinstaller operativsystemet når maskina er av nettet. I Windows XP slår ein på innebygd brannmur før ein tar maskina på nett. Last ned oppdateringar frå Windows Update. Installer antivirusprogramvare og oppdater til siste virussignaturar.