Trio

Fra ithjelp
Revisjon per 13. mar. 2019 kl. 11:29 av Ibe047 (diskusjon | bidrag)
Hopp til: navigasjon, søk


Informasjon.gif Har du lyst til å gi oss en
Tilbakemelding
på denne siden?

MERK: FRÅ OG MED FREDAG 15. MARS MÅ TELEFONNUMMER VERE SATT TIL EIT FAKTISK TELEFONNUMMER.

SIP:FORNAMN.ETTERNAMN@UIB.NO VIL IKKJE FUNGERE LENGER!


Denne sida er under utvikling.

Informasjonen på denne sida er retta mest mot deg som skal bruke Trio saman med Skype for Business.


Kort fortalt

  • Trio er løysinga som avløyser Solidus for kontaktsenterane og sentralborda. Agent Client er namnet på programmet som blir brukt.
  • Ein må angje telefonnummer (og telefontype) når ein brukar Trio, då det ikkje har innebygd telefonapparat.
    • Dette angjevast i «Logg inn parametere» når du opnar Agent Client.
  • For dei fleste er det telefonnummeret knytt til Skype for Business (SfB) som er telefonnummeret innkommande samtalar skal gå til.
    • Saman med telefontype satt til Skype for Business vil Agent Client vere satt opp til bruk med Skype for Business.
  • Opplev du problem under samtalen: Feilsøk telefonen (SfB? -> Restart maskina).
  • Opplev du problem før samtalen: Feilsøk Agent Client.

Opning og pålogging

Oppstart av programma og pålogging.

Agent Client

  1. Opn Agent Client (AC). Du kan søke på det i Startmenyen eller gå til mappa «Trio Enterprise» i startmenyen og opne der frå.
  2. Eit vindauge opnar seg: «Trio Agent – Log inn parametere». Her setjast parametarane for at (AC) skal fungere.
  3. Telefonnummer: Kvar skal samtalene gå til. Fyll inn ditt telefonnummer.
  4. Telefontype: Set Skype for Business dersom du skal bruke dette.
  5. Lokasjon: La stå på Uninett
  6. Arbeidsmåte: Agent for kontaktsenter (Ekspedient for sentralbord)
  7. Contact Center Lisens skal vere hukt av for kontaktsenter.
  8. Enterprise Attendant lisens for sentralbord. IKKJE ved kontaktsenter!

Trykk OK og du blir sendt til ei neste påloggingssida i ein nettlesar.

Her brukar du ditt tildelte brukarnamn og passord.

Skype for Business

  1. Opn Skype for Business frå startmenyen viss det ikkje har opna seg ved pålogging på maskina.
  2. Bruk følgjande påloggingsinformasjon:
    • Sign-in address: fornamn.etternamn@uib.no
    • Username (viss du blir spurt): uib\DITTBRUKARNAMN
    • Password: ditt vanlege uib-passord

Viss du ikkje får bytte sign-in address, trykk på tannhjulet, vel "Tools" -> "Options" -> "Personal" og bytt der.

Vanlege problem med løysing

«Sperr» - Feilmelding visast i Trio agenten

Løysing: Sjekk telefonnummeret som er satt under "Log inn paramtere" . Ver sikker på at det ikkje er noko mellomrom før, etter, eller i denne.

Forklaring: Dersom feil telefonnumer er satt, får ikkje Trio vidarekopla samtalen.

Du sjekkar paramterane ved å gå på Fil -> Log inn parametere.

Nye anrop går ikkje gjennom

Løysing: Sjekk om det ligg ventande oppgåver i kølista. Typisk ligg det ein tilbakeringingsoppgåve her som må takast før nye anrop går gjennom.

Forklaring: Ein innringar beheld plassen sin i køen også når vedkommande har valt å bli ringt tilbake. Derfor må tilbakeringingsoppgåver bli teke før ein person som faktisk held på å ringe inn kan bli svart.

Samtalen blir brote

Løysing: Restart maskina.

Forklaring: Dersom fleire har (vore) logga inn på same maskin kan det gå SfB-prosesser for de andre brukarane som er eller har vore pålogga. Ein omstart av maskina vil logge av den/de andre av og såleis frigjere ressursane. Det er òg mogleg at ein prosess som ikkje har avslutta seg skikkeleg ligg og «skurra» for den aktive SfB-sesjonen.

Dårleg eller ingen lyd

Løysing: Restart maskina.

Forklaring: Ein omstart av maskina løyser mange lyd- og samtaleproblem i Skype for Business.

Generelle tips til feilsøking: Er headsettet kopla til? Fungerer lyden i andre applikasjonar? Høyrer du f.eks. lyden i ein YouTube video?

Brukarstøtte og driftstøtte

Bruk

Brukar du Trio og opplev problem, ta kontakt med BRITA.

Drift

Har du spørsmål eller ynskjer knytt til ei bestemt teneste, meld inn sak til BRITA. Merk slike sakar gjerne med kontaktsenter/sentralbord dfit

Eksempel: Ny medarbeidar som skal vere Agent og bruke Trio: Vi treng å vite: Namn, brukarnamn, teneste Unntak ved spesielle opningstidar: Tenste, dato, klokkeslett for opning/stenging