Hurtigtaster i Windows 7

Fra ithjelp
Revisjon per 9. mar. 2017 kl. 13:39 av Botit (diskusjon | bidrag) (For snever)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk


Informasjon.gif Har du lyst til å gi oss en Tilbakemelding på denne siden?

Prolog

Me tek atterhald om at nokre av desse hurtigtastane kan ha ein annan funksjon i Windows 7 enn det som er skrive her. Det er mellom anna av di denne artikkelen låner mykje av innhaldet sitt frå ein tidlegare artikkel om Windows XP.

Kvifor hurtigtastar

I Windows 7 har ein tilgang til ei rekkje tastekombinasjonar, eller "hurtigtastar", som kan effektivisere det daglege arbeidet ved å gjere mykje brukte handlingar lettare tilgjengelege. Under er ei liste over nokre hurtigtastar som gjeld for Windows generelt.

Ein del hurtigtastar er programavhengige, det vil seie at dei berre kan brukast i einskilde program. Hurtigtastar kan òg variere etter kva språk og versjon programmet har. Eksempel er Ctrl + F eller Ctrl + B for Fet skrift og Finn i norsk MS Office, som i f.eks. engelsk MS Internet Explorer vert omvendt.

Ofte vil ein sjå at tastekombinasjonen for kommandoen er ført opp bak valet for kommandoen i menyen for programmet. Det er ofte òg slik at ein kan få vite noko om hurtigtaster ved å la musepeikaren ligge i ro, eller "kvile", over ein knapp i eit program. Etter nokre få sekund kjem det gjerne opp ein liten boks med verktøytips, eller "tool tips" på engelsk, og her er gjerne tastekombinasjonen for hurtigtasten med.

Ein viktig hurtigtast

Kan hende er Windows-tasten den mest nyttige tasten på heile tastatturet i Windows 7. Denne tasten blir ofte kalla Win-tasten. Om du bruker tasten åleine sprett startmenyen opp. Den er òg mykje i bruk saman med andre tastar for å få tilgang til dei nye funksjonane i Windows Aero, mellom anna.

Ulike tastar kan nyttast i lag

Dei fleste hurtigtastane er ein kombinasjon av Win, Shift, Ctrl og Alt. Desse tastane vert ofte kalle tilvalgstaster, eller "modifiers" på engelsk.

Win, Ctrl, Alt, og Shift kan også brukast bl.a. i lag med høgre musetast, ved merking, flytting, kopiering og utklipping av filer og mapper, osv. Dette finn ein ut ved å prøve, men hugs at resultatet kan variere etter kva type objekt (fil, mappe, snarvei, tekst, o.s.b.) ein vil flytte, lime inn. Det kan jamvel vere skilnad på resultatet etter kva slag mål-objekt du slepp objektet ned i. Om det er ei filmappe du slepp objektet i vil resultatet òg variere etter kva rettar du har i denne mappa, og kva visning som er aktiv for mappa. Regelen er at ein lærer ved å prøve ulike ting.

Liste over hurtigtastane

Det kan vere lurt å starte med å lære seg nokre utvalde hurtigtaster. Seinare kan du utvide forrådet etter kvart som du får kontroll på dei du har mest bruk for.

Windows-tasten

Dette er den tasten som ein finn på nyare Windows-tastatur mellom Ctrl- og Alt-tastane, og stundom ved sidan av Alt Gr. Tasten kan brukast til forskjellige ting:

Win åleine får start-menyen til å sprette opp. Du kan då skrive namnet på eit program, så vil Windows søke det fram for deg, og du kan velje det riktige programmet frå ei liste over relevante program. Dette er kan hende den størst nyvinninga som er implementert i Windows 7.

Du kan òg flytte markøren rundt på start-menyen ved å nytte pil-tastane.

Win + D Minimerer alle opne vindu. Samme tastekombinasjon opnar dei igjen.

Win + M Minimerer alle opne vindu, unntatt dei som har ei aktiv modal dialog. Dette kan vere særs nyttig for å finne igjen eit dialog-vindu dersom du har mange andre vindu opne.

Win + E Opnar verktøyet Datamaskin, eller Computer på engelsk. Dette er det verktøyet som erstattar Min datamaskin (My Computer) og Windows Utforsker (Windows Explorer) i Windows 7.

Win + F Søk etter filer og mapper (Find...)

Win + Ctrl + F Søk etter datamaskin (Find...)

Win + R Kjør (Run) (f.eks. command eller cmd, telnet, D:\setup.exe, etc.

Win + Break eller Win + Pause Åpner Systemeigenskapar

Win + Tab Bla gjennom vindauga med Windows Aero. Trykk Enter for å opne. (Sjå også Alt + Tab.)

Alt-knappen

Alt + Tab Navigerer mellom opne vindu/program ved å klikke Tab fleire gongar. Shift samtidig flyttar andre vegen. (Sjå også Win + Tab.)

Alt + F, V, H, osv. Alt samtidig med understreka bokstav i ein meny på menylinja i eit program opnar denne menyen f.eks. Fil/File, Vis/View, Hjelp/Help. Naviger med piltastane opp og ned. Trykk Enter for å velge, eller understreka bokstav i det valget du ynskjer, f.eks. N for Ny/New. Piltastane sidelengs blar mellom menyane på menylinja.

Ctrl-tasten

Ctrl + Alt + Delete Pålogging, avlogging, slå av maskina, låse/låse opp maskina, skifte passord på Windows, oppgavebehandling (kan f.eks. avslutte program som har låst seg)

Ctrl + A Merk Alle objekt

Ctrl + C Kopier valgt objekt (Copy)

Ctrl + X Klipp ut valgt objekt (X liknar saks)

Ctrl + V Lim inn utklippt(e)/kopiert(e) objekt ( V liknar spiss på limtube? og ligg nær X og C)

Ctrl + Z Angre siste handling (liknar pil fram, tilbake, så fortsette)

Ctrl + Y Gjer om siste inntastingar

Alt + F4 Avslutte aktivt program

Meny-tasten Denne tasten kan ein finne mellom dei høgre Windows- og Ctrl-tastane på Windows-tastatur, og verkar oftast som høgre musetast. Men menyen som kjem opp er ikkje nødvendigvis tilpassa tekst/objekt som er merka, eller som er under musepeikaren.

Alt + Space Opnar menyen der ein kan velge å flytte, minimere, maximere, endre storleik på, gjenopprette eller lukke avktivt vindu. (Menyen på program-ikonet over fil-menyen)

Ctrl + Alt / Alt Gr + ... Du kan lage hurtigtastar for å opne program ved å høgreklikke på ein snarvei og velge Egenskaper - fliken Snarvei, og taste inn tasten du ynskjer å kombinere med Ctrl + Alt for å opne programmet/fila/mappa. NB! Du bør passe på at denne tastekombinasjonen ikkje allereie er i bruk i eit program du brukar.

F1, F2, F12 Mange funksjonstastar kan ha ulik funksjon i ulike program, men F1 tyder normalt "Hjelp" og F5 tyder oftast "oppdater" (f.eks. i nettleserar).