Sunt vett på Internett

Fra ithjelp
Hopp til: navigasjon, søk


Informasjon.gif Har du lyst til å gi oss en Tilbakemelding på denne siden?



Er ein ikkje forsiktig på Internett, er det lett å bli "hacka" eller infisert av datavirus, ormar eller liknande. For å unngå dette, er det viktig å bruke sunt vett på Internett. Her er nokre tips til kva du bør tenke på.

(Denne sida er mest retta mot bruk av PC. For smarttelefonar og nettbrett, sjå sida mobil trygghet.)


Ver forsiktig med kva for vevsider du besøker og kva du klikkar på der

Det finst mange vevsider der ein kan få installert ondsinna programvare utan å vite om det. På ein Windows-PC satt opp av IT-avdelinga på UiB har du antivirusprogramvare og normalt ikkje administratortilgang. Du har dermed heller ikkje tilgang til å installere ondsinna/skadeleg programvare som virus. Men det fins også annan "ondsinna kode" (skadeleg programvare) enn virus, og det er ikkje alt slikt som blir stoppa av antivirusprogramvaren. Det tek også alltid ei viss tid (oftast nokre timar) før antivirusprogramvaren er heilt oppdatert og tryggleikshol vert tetta.

(Du ville ikkje ukritisk gått i mørke, ukjende bakgater i ein framand by om natta, og i alle fall unngå å bruke kredittkort der.)


Ver kritisk til å oppgi hemmeleg informasjon på nettet

Informasjon ein ikkje vil andre skal få tilgang til, bør ein som ein generell regel vere forsiktig med å oppgi på nettet. Opplysningar ein oppgir både på vev og i e-post kan havne hos uvedkomande, anten ved at mottakar ikkje er den han eller ho gir seg ut for å vere. Om informasjonen ikkje blir sendt kryptert (sjå under), er det også mogleg at det kan bli "smuglest" på vegen. Har det skjedd, bør du bytte passord straks. Hugs også alltid å logge deg av om du har brukt personleg pålogging på maskiner som blir brukt av andre. Hugs også at ditt passord er berre ditt (last ned pdf).

(Du ville ikkje snakke høgt om dine mest personlege problem på bussen.)


All pålogging til UiB sine system skal skje kryptert

Elles kan passordet bli "snappa opp" mellom di maskin og systemet. Dine tilgangar kan då bli misbrukt til uautorisert tilgang. Vevsider med adresser som begynner med https:// i staden for http:// tyder at (noko av) informasjonen ein sender går kryptert, som for eksempel passord. (Hugseregel: s for secure eller sikker) Les meir om sikker pålogging.

(Du ville ikkje skrive minibank-koden på kortet.)


Vedlegg til e-post som ein ikkje veit kva er, bør ein vere forsiktig med å opne

Sjølv om vedlegget ser uskuldig ut før du opnar det, og du stolar på den som står som avsendar, kan det vere ugler i mosen. Virus forfalskar næmleg svært ofte avsendaradressa, og virusa blir stadig meir utspekulert i måten mottakarane blir forsøkt lurt til å opne dei. Er du i tvil, kan du høyre med avsendar, eller vente ein dag og sjekke med oppdatert antivirusprogrammet. (Sjå under.)

(Du et ikkje mygla mat berre fordi Holdbar til-datoen ikkje er før neste veke. - Det kan jo ha gått hol i emballasjen.)


Antivirusprogrammet er til for å brukast, og må alltid vere oppdatert

Antivirusvirusprogram er normalt satt opp til å oppdatere seg automatisk, men det går an å oppdatere det manuelt, spesielt om du veit at det er stor virusfare eller maskina oppfører seg mistenkeleg. Sjølv om det er satt opp til å sjekke automatisk, bør du før bruk sjekke CD-ar, minnepinnar o.l. som du er usikker på.

(Du går ut i frå at bilen normalt virkar, men av og til treng den service eller EU-kontroll.)


Sikkerheitshol må tettast fortløpande

PC-ar på nett vil normalt automatisk få oppdateringar av operativsystemet (Windows, Linux, Mac OS, m.m.). Pass på at desse blir installert. Windows treng ein omstart for å installere desse når dei er tilgjengeleg. Skulle du ha ein versjon som er eldre enn Windows XP, kan du besøke http://windowsupdate.microsoft.com.

Også programvare kan ha sikkerheitshol. Mange program sjekkar automatisk om det er publisert oppdateringar. Men du må truleg godkjenne og skrive inn administratorpassord for å få desse lagt til. Brukar du litt spesiell eller eldre programvare, bør du sjekke nettsida til leverandøren, for å finne om du bør laste ned oppdateringar.

(Du lar ikkje glaset stå ope i påskeferien, berre fordi hovuddøra er låst.)