Snarveg til fleksitidsskjema

Fra ithjelp
Hopp til: navigasjon, søk


Informasjon.gif Har du lyst til å gi oss en Tilbakemelding på denne siden?

Skjema for føring av fleksitid kan være lurt å ha lett tilgjengeleg. I staden for å lagre skjemaet på skrivebordet, bør du lagre det på server, og heller bruke ein snarveg for å opne det.

Sikker lagring

Fleksitidsskjemaet ditt ligg tryggare på server (tenarmaskin). Då blir det tatt tryggleikskopi kvar natt, slik at du ikkje risikerer å miste endringar for lang tid tilbake, om uhellet skulle vere ute.

Fellesområde eller heimeområde

Om di avdeling har ein eigen stad på fellesområdet for fleksitidsskjema, brukar du dette. Der kan det vere satt spesielle rettigheiter for tilgang. Er du i tvil, snakk med din leiar. Elles lagrar du på ditt personlege heimeområde. Les meir på sida om lagring og backup)

Mindre plass i profilen

Ein snarveg tar dessutan mindre plass i Windows-profilen. Det bidrar til raskare og meir problemfri av- og pålogging.

Snarveg på skrivebordet

På skrivebordet kan du gjerne kopiere legge ein snarveg. For eksempel kan du i Windows gå til mappa der skjemaet ligg. Der kan du klikke med høgre musetast og velje å kopiere skjemaet. Gå så til skrivebordet, høgreklikk igjen, og lim inn snarveg.

Opne automatisk ved pålogging

Automatisk opning av skjemaet kvar gong du loggar på PC-en, kan du få i Windows ved å legge ein snarveg i mappa Oppstart (eller Startup på engelsk). Denne mappa kan du finne i Start-menyen. Høgreklikk på mappa og opne eller utforsk. (Bruk same framgangsmåte som over.)

Nytt skjema

Fleksitidsskjema finn du på nettsidene for tilsette under Medarbeiderhåndbok -> Mitt arbeidsforhold -> Arbeidstid -> Fleksibel arbeidstid. Skjemaet finn du i menyen til høgre, under Vedlegg.