Eduroam på flyplassen blir permanent

Fra ithjelp
Hopp til: navigasjon, søk


Informasjon.gif Har du lyst til å gi oss en Tilbakemelding på denne siden?

Studentar og tilsette kan surfe gratis på det trådlause datanettet ved ei rekkje norske flyplassar. Dette er eit samerbeid mellom Uninett og Avinor.

I juli 2013 kunne Uninett og Avinor melde at dei hadde starta eit pilotprosjekt som gav gratis trådlaust datanett for UH-sektoren. Avtalen gav eduroam-tilknyting på nitten norske flyplassar frå juli til desember. Prøveperioden var så vellukka at Uninett i januar 2014 vedtok å innføre eduroam-avtalen som permanent løysing.